Her er nyhenda frå Huma i januar

Me er begeistra over å vere tilbake frå juleferie og fine stunder med vener og familie. Dette betyr ikkje at me ikkje har jobba hardt for å levera verde til deg. For å framheva ein publikumsfavoritt: denne månaden slepp me eigendefinerte profilfelt. Dette betyr at du kan skreddarsy Huma til å passa dine forretningsbehov endå meir. Treng du å vite kva som er favorittfarga til dine ansatte, eller kva storleik dei brukar i sko? No kan du få all denne informsjonen rett i masterdataen din!

Her er det me har drive på med dei siste par vekene:

Eigendefinerte profilfelt

custom-fields_NOMe prøver alltid å dekkje dine behov og hjelpe deg i kvardagslivet. Men alle har ulike behov, og har ikkje høve til å dekkje alle. Så med eigendefinerte profilfelt, har du moglegheit til å tilpassa personalinformasjonen din nøyaktig sånn du treng han.

  • Kva er skostorsleiken din? 
  • Kva er kjenslege emner eller triggarar for deg? 
  • Kva tykkja du om slutten på Game of Thrones?

Du veit best kva slags informasjon du treng om dine ansatte. Og no kan du få han rett i Huma!

Om du er systemadminitrator, kan du sjå meir i systeminstillingar.

 

Eigendefinerte arbeidsdagar

custom-workdays_NOAlle jobbar ikkje måndag til fredag. Så om du brukar fråvær i Huma, kan du no sette opp eigendefinerte arbeidsdagar når du lagar timeplanar. 

Om du er fråværsadministrator, kan du sjå meir i fårværsinnstillingar.

 

Handbokvarsling

Handbook_no

Har du akkurat slept ei ny handbok i Huma? No kan du enkelt varsla alle som har tilgang til å lese ho! 

Har du skrive om eit nytt tema i handboka som du gjerne vil at folk skal lese? Gje dei ein pling på telefonen. 

Det nærmar seg ferietid og du veit at det kjem masse spørsmål. No kan du trigge ei varsling med lenkje til feriekategorien i handboka.

 

Betre beskrivingar for tilgangssystemet

descriptions_NOHuma sitt tilgangssystem er veldig fleksibelt, men betyr ikkje noko om det er vanskeleg å forstå korleis det funker. Difor har me skrive betre beskrivingar for kvar tilgangsgruppe. 

Om du er systemadminitrator, kan du sjå meir i systeminstillingar.



 

Relaterte innlegg